Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 54 milliardar kroner og 280 tilsette. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.
Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver innanfor kundebehandling og relevant arbeidserfaring på kundesenteret vårt. Ved å jobbe hos oss kjem du i kontakt med ein rekke fagmiljø i banken, blant anna innanfor fintech, IT, finans, marknadsføring, risikostyring og juss.
Les meir på ssf.no/jobb