Enivest er ein regional internett og tenesteleverandør med rundt 22000 kundar. Hovudnedslagsfeltet vårt er i det geografiske området Sogn og Fjordane, men vi har og kundar utover dette. Som regional aktør har Enivest satsa stort for å kunne tilby folk flest fiber. Vi har i nesten 18 000 fiberkundar, og om lag 1200 og 900 på DSL og Radioteknologi. Utover dette leverer vi TV– og strøymetenester frå Telia, telefoni, trådlausløysingar og andre breibands relaterte tenester.
Vi er stadig på utkikk etter personar som kan vere med å styrke Enivest-teamet i samanheng med den stadig aukande kundeveksten, utvikling og arbeidsmengd. Vi har god erfaring med å tilby studentar relevante deltids- og sommarjobbar. Vi meina det er ein vinn –vinn situasjon både for studentar og bedrifter å kople studentar tidleg på. Er du engasjert og har stor interesse, og gjerne kompetanse eksempelvis innan nettverk, utbygging av fiber, forretningsutvikling, sal eller kundesenteret? Då ber vi deg å følgje med på stillingane vi legger ut her, eller send oss gjerne ein open søknad der du fortel korleis du ønsker å bidra.
Litt meir om oss
Vi leverer fiber i store deler av regionen vår, både i små grender ingen skulle tru at det var mogleg, men og i byane og tettstroka. For å få dette til har Enivest eit godt samarbeid med næringslivet, det offentlege, grendelag og lokale eldsjeler. Vi ser menneska og behova deira, og strekkjer oss ofte lenger enn andre større aktørar utan lokal forankring. Dette er også ein del av samfunnsengasjementet vårt, og bidreg til å motverke eit digitalt klasseskilje mellom distrikta og byane. Ved å knyte menneske, utvikling og næringsliv saman, bidreg vi til at det blir meir attraktivt å bu og flytte til regionen.
Enivest er en aktiv samfunnsaktør i regionen og deltakar i Framtidsfylket sitt trainee-program, som er eit samarbeidsprosjekt mellom dei største næringsaktørane i fylket.
Vi engasjerer oss gjennom både entusiasme og sponsing for ulike samfunnsnyttige initiativ. Mellom anna er vi med i arbeidsgruppa RekrutterING, der næringslivet støttar IT- og teknologiutdanning i regionen. Vi er medlem av IT-Forum Vest som er ein viktig pådrivar innanfor breiband, digitalisering, oppvekst og utdanning. Vi er også ein partner i Klimapartnere Vestland som jobbar for utsleppskutt og grøn forretningsutvikling. På nasjonalt nivå er vi medlem av IKT-Norge, der vi aktivt bidreg i Breibandsforum og Fiberforeningen.
les meir på enivest.no