Om Studentjobb-prosjektet

Velgjer du å studere i Førde, kan du få relevant jobb under studia.

Studentjobb er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Høgskulen på Vestlandet.

Ei rekkje bedrifter har reservert deltidsjobbar eksklusivt for deg som er student ved teknologiutdanninga i Førde. Stillingane kallar vi studentjobb.

Slik fungerer det

Når du takkar ja til studieplassen, kan du melde interesse for ein jobb gjennom denne sida. Du vil deretter bli kontakta av ei eller fleire bedrifter.

Dei fleste stillingane er på 25-50 prosent slik at du kan kombinere jobb og utdanning. Lønn, arbeidstid og oppgåver vert avtalt direkte med arbeidsgjevar.

Studentjobb gjer at du kan bygge CV-en frå første dag. Studentjobbane følgjer studieåret, og er tilrettelagt med tanke på eksamen og obligatorisk undervisning.

Vår målsetting er at alle studentar i Førde, som ønskjer det, skal få tilbod om studentjobb.

Øvrig arbeidsmarknad i Sunnfjord

I tillegg til jobbane som er reservert eksklusivt for studentar, har Førde og Sunnfjord ein velfungerande arbeidsmarknad med landets lågaste arbeidsløyse.

Sunnfjord kommune har ein variert og mangfaldig næringsstruktur med mange spanande arbeidsplassar, både i privat næringsliv og offentleg sektor.

Næringslivet i kommunen har potensiale for vekst, men den største utfordringa er tilgang på arbeidskraft og rett kompetanse. Derfor er næringslivet generelt svært motivert for å tilsette studentar både gjennom Studentjobb-programmet og via ordinære tilsettingar.