Bitmynt er lokalisert i moderne kontorlokale i Peak Florø saman med eit innovativt utviklingsmiljø. Vi er ein av landets mest profilerte og største vekslarar av bitcoin som starta med Sturle Sunde og Sunde bitmynthandel i 2010. Sturle har opparbeidd seg eit kvalitetsstempel innan bitcoinhandel med over 10 års bransjekunnskap og erfaring. Bitmynt tek no over stafettpinnen og satsar vidare i takt med auka etterspurnad, aktivitet og vekst. Vi skal utvikle ei plattform som vil revolusjonere handel med digital valuta. Vi har ambisjonar om å utvikle ei verdsleiande plattform for å effektivisere og kvalitetssikre framtidig handel som vil ta bitmynt og kryptovaluta til eit nytt nivå.
Henta frå kode24.no