I SFE-konsernet finst det ulike moglegheiter for deg som ønskjer å jobbe innan fornybar energi. Har du dei rette kvalifikasjonane, kan vi by på ei framtidsretta karriere basert på vasskraft frå energifylket Sogn og Fjordane.
SFE er eit av dei største energiselskapa på Vestlandet og har i dag 260 engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar innan eit mangfald av fagområde. Om lag ein tredjedel av våre medarbeidarar er ingeniørar med høgare teknisk utdanning, og like mange er fagarbeidarar som jobbar ute på drift og nybygging av tekniske anlegg. Andre medarbeidarar finn du i utfordrande stillingar innan IKT, krafthandel, økonomi/finans og marknad med meir.
Henta frå sfe.no