Studentpraksis - få deltidsjobb ved å studere Elkraftteknikk i Førde

Elkraftteknikk

Bachelorhausten 2021

Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Elkraftingeniørstudiet er ei allsidig utdanning som gjer deg ettertrakta på jobbmarknaden.

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi knapt sjå for oss. Elektrisk straum er ein berebjelke i det moderne samfunnet. Elkraftingeniøren bidrar til at verdikjeden fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri. Elkraftteknologi bind det heile saman.  

Elkraftstudiet gir deg kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system. Fagtilbodet dekker også system for styring og overvaking av elektrotekniske system generelt. System og utstyr for skip og offshoreverksemd er eit satsingsområde for utdanninga.

Studieretningsfaga, valfaga og bacheloroppgåva gir deg høve til å fordjupe deg i tema som modellering og simuleringsteknikk, planlegging og prosjektering, energiøkonomisering, fornybare energikjelder, elektroteknisk og elektronisk utstyr og system.

Kva kan du jobbe med?

Dei viktigaste arbeidsområda er elektroteknisk eller elektronisk industri, prosessindustri, elektrisitetsforsyning og installasjonsgjeremål på land og offshore. Arbeidsoppgåvene til elkraftingeniøren er også innanfor landbasert industri, energiforsyninga og konsulentbransjen. Elkraftingeniøren vil i tillegg ha ei sentral rolle i det fornybare samfunnet i framtida.

Elkraftingeniøren prosjekterer elektriske og elektroniske system, er konsulent og elektroentreprenør, og fører tilsyn med elektriske anlegg. Elkraftingeniøren er godkjend som ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA og New Zealand.

Ekstraordinært tilbod til alle som studerar i Førde

Alle som takkar ja til studieplass i Førde, får tilbod om jobbintervju i dei bedriftene du ønskjer og som er relevante for dine studier. Dette er dei bedriftene du kan velge mellom.

Du kan stille på eit eller fleire intervju, og ein kan sjølvsagt også takke nei. Jobbintervjuet vil bli i løpet av første månad av studiet. Studentjobbane blir kun tilbode til studentar ved teknologiutdanningane i Førde, men om du får (eller tar) jobben du ønskjer, blir opp til deg og arbeidsgjevar.

  • Førde

  • 3 år - 180 studiepoeng

  • Heiltid

  • Søknadsfrist 15. april

Hans Andreas Torsvik og Kristoffer Berg Kårstad utdannar seg til elkraftingeniørar i Førde. Med det grøne skiftet vil kompetansen deira bli ettertrakta i framtidas arbeidsmarknad.