Studentpraksis - få deltidsjobb ved å studere Byggingeniør i Førde

Byggingeniør

Bachelorhausten 2021

Er du interessert i realfag og tekniske løysingar? Som byggingeniør skal du planlegge, prosjektere og leie arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett med meir, og du blir ettertrakta på jobbmarknaden.

Merk deg at HVL tilbyr utdanningar innan fagområdet ved fleire studiestadar, og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Du har emne innan både realfag, naturvitskap, teknologi, byggeteknikk og veg- og anleggsfag. Frå 4. studiesemester kan du spesialisere deg innan prosjekt- og byggeleiing.

Du lærer å:

  • identifisere, planlegge og gjennomføre byggfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment
  • vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
  • jobbe i team og gjennomføre prosjektarbeid

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av samarbeidsbedriftene våre.

Kva kan du jobbe med?

Du har eit stort spekter av jobbmoglegheiter hos mellom anna

  • bygge- og anleggsentreprenørar som driv med oppføring av bygg, samferdslekonstruksjonar, vegar, vatn/avløp og anlegg
  • ulike produksjonsbedrifter, mellom anna trevare, betong og produktutvikling
  • rådgivande bedrifter
  • energiforsyningsbedrifter
  • offentleg forvalting

Du jobbar både ute på anlegg og inne på kontor med administrative oppgåver.

Utveksling

Utdanninga har utveksling til dei andre landa i Norden, i tillegg til Canada, Austerrike, Spania, Australia, USA og Belgia. Nokre studentar vel å skrive bacheloroppgåva i utlandet i 6. semester. Det er også mogeleg å reise ut for å ta kurs på utanlandske universitet i 4. eller 5. semester.

Ekstraordinært tilbod til alle som studerar i Førde

Alle som takkar ja til studieplass i Førde, får tilbod om jobbintervju i dei bedriftene du ønskjer og som er relevante for dine studier. Dette er dei bedriftene du kan velge mellom.

Du kan stille på eit eller fleire intervju, og ein kan sjølvsagt også takke nei. Jobbintervjuet vil bli i løpet av første månad av studiet. Studentjobbane blir kun tilbode til studentar ved teknologiutdanningane i Førde, men om du får (eller tar) jobben du ønskjer, blir opp til deg og arbeidsgjevar.

  • Førde

  • 3 år - 180 studiepoeng

  • Heiltid

  • Søknadsfrist 15. april