Studentpraksis - få deltidsjobb ved å studere Automatisering og robotikk i Førde

Automatisering med robotikk

Bachelorhausten 2021

Ein automatiseringsingeniør kan konstruere, drifte og vedlikehalde automatiserte system. Dette er system som hentar data frå sensorar, og som overvaker, styrer og regulerer prosessar etter bestemte reglar og mål.

Ein ingeniør med utdanning innan automatisering med robotikk er godt rusta til å identifisere driftsproblem og finne løysingar på desse.

Utdanninga i automatisering med robotikk gir ei god innføring i grunnleggande ingeniørfag, som generelle datafag, elektrofag, instrumentering og programmering av mikroprosessorar og programmerbar logisk styring (PLS). Studiet gir deg kunnskapar innanfor fagfeltet automatisering, med særleg vekt på instrumentering av større system, teoretisk og praktisk reguleringsteknikk, PLS-programmering, industrielle datasystem og industriell kommunikasjon.

Kva kan du jobbe med?

Dei viktigaste arbeidsområda for ein automatiseringsingeniør er olje-/prosessindustri, elektronikk-, data- og kommunikasjonsindustri. Mange arbeider også med dagleg drift i verksemder med automatiserte materialbehandling-, prosesser- og/eller driftsanlegg.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA, Canada og New Zealand.

Ekstraordinært tilbod til alle som studerar i Førde

Alle som takkar ja til studieplass i Førde, får tilbod om jobbintervju i dei bedriftene du ønskjer og som er relevante for dine studier. Dette er dei bedriftene du kan velge mellom.

Du kan stille på eit eller fleire intervju, og ein kan sjølvsagt også takke nei. Jobbintervjuet vil bli i løpet av første månad av studiet. Studentjobbane blir kun tilbode til studentar ved teknologiutdanningane i Førde, men om du får (eller tar) jobben du ønskjer, blir opp til deg og arbeidsgjevar.

  • Førde

  • 3 år - 180 studiepoeng

  • Heiltid

  • Søknadsfrist 15. april