Hellenes har i over 20 år vore ei verdsleiande leverandørbedrift for miljøteknologi til oljebransjen. Hellenes spesialiserer seg på behandling av oljehaldig boreavfall og har dei siste åra utvikla ein ny innovativ tørketeknologi som er i ferd med å bli starten på eit nytt industrieventyr. Med denne teknologien ønskjer Hellenes no også å gjere eit framstøt i nye marknader med eit særleg fokus på biologiske avfallstraumar – og det er ikkje utan grunn. I FN’s berekraftsmål blir det sett lys på dei enorme biologiske ressursane som går til spille kvar dag som følge av dårleg infrastruktur for gjenbruk. For at vi som samfunn skal klare å nytte desse ressursane betre er vi avhengig av ny teknologi, politisk vilje og eit godt samspel mellom lokale aktørar. Alle desse forutsetningane er på plass i Førde – noko som gjer oss svært optimistiske for framtida.
Hellenes har òg ein posisjon som eigar av det tidlegare skipsverftet i Førde, der mellom anna Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen og Campus Verftet er lokalisert. Mellom Bergen og Ålesund er dette allereie blitt episenteret for samhandling mellom utdanning, forskning og næringsliv. Dette er miljøet som skal inspirere framtidas generasjonar i regionen. Ein skal ikkje vere redd for å tenke stort på små plassar og difor ser vi etter studentar som er engasjerte og som har eit sterkt ønskje om å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar, også globalt.
Døme på arbeidsoppgåver som vi kan tilby studentar:
For IT-studentar: Jobbe med design og webutvikling på nettstaden til Hellenes, samt utgreiing rundt bruk av VR-teknologi for industrielle føremål.
For alle ingeniør-studentar: Utvikling av program og HMI for prosessanlegg. Bygging av Hellenes sine nye Thermal Treatment Unit og andre anlegg (Fagbrev eller anna praktisk erfaring er eit stort pluss)
For entreprenørielle spirer (i frå alle linjer): Forretningsutvikling på Hellenes sin nye bioreaktor-teknologi med meir.
Ønskjer du å vite meir om bedrifta eller få meir inngåande informasjon om dei forskjellege arbeidsoppgåvene – ta kontakt med Øyvind Hellenes på 94055843